Ny, norsk vår

I dag la Det Norske Teatret fram repertoaret for våren 2017. Programmet er prega av sterk satsing på norsk dramatikk: Heile ni av tolv produksjonar er norske urpremierer.

– Eg var faktisk sjølv overraska over kor høg andelen norsk dramatikk var. Det er klart at dette er resultatet av ei langsiktig satsing, som vi no kan hauste fruktane av, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Repertoaret spenner frå ei gjendikting av vårt eldste kjende diktverk Edda til ei fersk dramatisering av Brit Bildøens kritikarroste roman Sju dagar i august. I tillegg kjem det ei ny oppsetjing av Beckett i regi av Bjørn Sundquist, og Alan Lucien Øyen tar for seg Lars Noréns Som lauvet i Vallombrosa.

HEILE REPERTOARET – HER

PRESENTASJON AV REPERTOARET, AVSLØRINGAR OG LIVE-SENDING

I kveld kl. 18.00 blir heile repertoaret i si breidde presentert på Det Norske Teatrets Hovudscene. Da vil det også bli avslørt kven som vil ha dei to største rollene i haustens storsatsing The Book of Mormon. Dette arrangementet vil også bli overført direkte på www.facebook.com/detnorsketeatret

REPERTOARET SOM PODCAST

Teatersjef Erik Ulfsby, dramaturg Ola E. Bø og informasjonssjef Ida Michaelsen i samtale om vårens framsyningar og korleis eit repertoar blir til.

TORALV MAURSTAD TILBAKE TIL SCENEN

– Eg gler meg, seier Toralv Maurstad. 90-åringen er aktuell i Overføring, ei framsyning basert på intervju med 13 pensjonerte psykoterapeutar om livet og yrkesvalet deira. For regi og manus står Tyra Tønnessen. Framsyninga er del av eit forskingprosjekt ved førsteamanuensisi i psykologi ved UiO, Marit Råbu, og vil sjå nærare på korleis den terapeutiske tenkemåten har påverka Noreg dei siste 50 åra.

Overføring – eit forskingprosjekt om psykoterapeutar from Det Norske Teatret on Vimeo.

ROBERT WILSON TILBAKE

Mange vil hugse sist Robert Wilson gjesta Noreg, og sette opp ein versjon av Peer Gynt som har gått inn i historiebøkene. Han er kjend for dei stiliserte og konsentrerte sceniske kunstverka sine der lys, scenebilde og musikk er viktige komponentar for den totale opplevinga. I vår set han opp Edda, i ein versjon av Jon Fosse med musikk av Arvo Pärt og Coco Rosie.

Henrik Rafaelsen og Tiril Heide-Steen om Edda from Det Norske Teatret on Vimeo.

STEIN TORLEIF BJELLAS TEKSTAR BLIR TIL TEATER

– Å covre Bjella er nesten umogleg, sidan han framfører songane sine så steinbra sjølv, seier Kjersti Dalseide. Ho er ein av skodespelarane som er med på laget når tekstane og songane til den kritikarroste musikaren blir tilrettelagt for scenen.


Kjersti Dalseide og Stein Torleif Bjella om Kan nokon gripe inn from Det Norske Teatret on Vimeo.