Ny, norsk vår på Det Norske Teatret

I morgon blir repertoaret for våren 2017 gjort offentleg. På plakaten står 11 premierer, og heile 9 av dei er ny, norsk dramatikk.

Onsdag formiddag vil Det Norske Teatret legge fram heile repertoaret for våren 2017.

Om kvelden er publikum og presse inviterte til eit arrangement på Hovudscenen er teatersjef Erik Ulfsby vil presentere heile repertoaret med smakebitar og gjestar frå dei ulike produksjonane.

Her vil det også bli offentleg kven som har dei to største rollene i The Book of Mormon, som har premiere til hausten.

LANSERING VÅREN 2017
ONSDAG 26. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Ta kontakt for pressebillettar og meir informasjon: info@detnorsketeatret.no