Ny musikal om livet slik det kan bli

Tenk om alt hadde vore annleis? At dersom du berre hadde gjort ein ting på nytt, ville heile livet tatt ein ny retning.

TENK OM
EUROPAPREMIERE LAURDAG 16. JANUAR KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

I musikalen Tenk om møter vi Marianne og følgjer to livsløp basert på ei tilsynelatande enkel avgjersle. Utfallet viser seg likevel å ha store konsekvensar for livet hennar. Moglegheiter blir sett side om side. Spelet med tid og stad og med identitetar og dimensjonar gjer Tenk om til ein fartsfylt og energisk moderne historie om korleis livet kan bli. Ein fascinerande tanke for dei fleste av oss, men kanskje også litt skremmande. For ingen av oss kan vel vite om dei vala vi tar, er dei beste for oss?

Marianne er 38 år gamal. Ho er utdanna byplanleggar, har nyleg flytta tilbake til Oslo etter eit ekteskapshavari i Sogndal og er klar til å starte på nytt. Ho har ein avtale med Liv og Lukas i Birkelunden og forteljinga splittar no Marianne i Mari og Anne. Mari blir verande i parken med Liv for å høyre på ein gatesongar og treff ein kjekk mann. Denne delen utviklar seg til å bli ei familiehistorie der Mari finn kjærleiken og får to barn. Anne derimot blir med Lukas på ein punktdemonstrasjon, han er involvert i arbeidet mot fjordbyen og ein kjend aktivist. Ho får ein telefon frå byplanleggingskontoret, ein telefon Lukas oppmodar ho til å ta, og karrieren skyt etter kvart fart når ho får eit fristande jobbtilbod og blir sentral i utforminga av det nye Oslo.

Tenk om handlar om ei kvinne, men to ulike skjebnar, to parallelle liv. Kjærleik, miljøkamp og moderne byplanlegging er tema i denne ferske New York-musikalen, som er blitt til ei ekte Oslo-historie. Erlend Loe og Ola E. Bø har omsett stykket og har endra dei amerikanske referansane til å gjelde for norske forhold.

Suksessduo står bak

Tenk om er den siste musikalen til Tom Kitt og Brian Yorkey, som nyleg har gått på Broadway. Dei stod òg bak suksessen Next to Normal som fekk sin Europapremiere på Det Norske Teatret med Heidi Gjermundsen Broch i hovudrolla. For denne produksjonen fekk dei strålande kritikkar, Pulitzerpris og Tony Award. Broch innkasserte ein Heddapris for hovudrolla.

Yorkey og Kitt arbeider også denne gongen med det moderne kvardagsmennesket og har lagt handlinga til notida. I Next to Normal sette dei søkelyset på familien, denne gongen er det kvar og ein av oss. Usikkerheita, valmoglegheitene vi har og korleis livet kan bli. No som sist er Det Norske Teatret først ute i Europa.

Oslo blir til mens du går

Handlinga i Tenk om er lagt til eit framtids-Oslo, der bilfritt sentrum alt er ein realitet. Hovudkarakteren Marianne blir ein av dei som får påverke korleis byen skal utvikle seg. Men kva er eigentleg dynamikken i byutviklinga? Det Norske Teatret har bede Erling Dokk Holm om å skrive om kvifor hovudstaden vår ser ut slik den gjer, og kva faktorar som påverkar byutviklinga. Artikkelen kjem på trykk i sesongmagasinet Bakteppet, men du kan lese den her.