Ny direktør ved Det Norske Teatret

Åse Ryvarden er tilsett som ny direktør.

Det Norske Teatret har tilsett Åse Ryvarden som ny direktør ved teatret. Ho kjem frå stillinga som direktør i Riksteatret og har tidlegare vore forlagsdirektør i Cappelen. Ho er utdanna cand. mag. frå UiO og har markert seg som ein engasjert leiar med høg gjennomføringsemne i kultursektoren. Ryvarden gler seg til å ta fatt på arbeidet.

– Eg ser fram til å kome til eit teater i medvind. Farta har dei skapt sjølv og attraksjonen ligg i at dei lykkast både kunstnarleg og publikumsmessig. Eg er glad og overvelda over å bli med på eit eineståande lag som Det Norske Teatret er, seier Ryvarden.

Styreleiar Nina Refseth ved Det Norske Teatret er nøgd med tilsetjinga.

– Vi er veldig glade for å få ein så erfaren og dyktig direktør som Åse Ryvarden til oss, og ser fram til at ho skal vere med oss å videreutvikle teateret i åra frametter.

FAKTA

ÅSE RYVARDEN
f. 1964
Riksteatret, direktør, 2006 – d.d.
Norsk Teater- og Orkesterforening styreleiar 2015 – d.d.
W. Cappelen, direktør (2000 – 2006), forlagsredaktør/redaksjonssjef sakprosa og omsett skjønnlitteratur, (Cappelen Fakta 1990-2000).

FOR INTERVJUAVTALAR ELLER MEIR INFORMASJON

INFORMASJONSSJEF Ida Michaelsen
T: 22 47 38 30 // E: ida@detnorsketeatret.no

STYRELEIAR Nina Refseth
T: 416 00 701// E: nina.refseth@detnorsketeatret.no