Ny amerikansk dramatikk opnar Scene 3

Noah Haidle er ein av dei nye dramatikarane frå USA det er verd å merke seg. Fredag blir han for første gong sett opp ved eit norsk teater.

LUCKY HAPPINESS GOLDEN EXPRESS
NOREGSPREMIERE FREDAG 23. JANUAR KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Den noko underlege tittelen spelar på kinarestauranten der Andrew, ein mann med hentesveis og godt over sin beste alder, brukar å ete middagen sin. Kvar dag. Det er også eit ironisk bilde på korleis menneska som befolkar dette stykket kjenner seg. Dei er veldig langt frå lykkelege og glade. Alle har brostne draumar.

Når Andrew plutseleg får slag, bringer dette familien saman igjen. Også mora, Vivian, som drog ifrå familien da barna var små. Ho er blitt dement, og snakkar i sirklar. Hugsar ikkje lenger kvifor ho reiste den gongen. Men barna hennar hugsar. Glasklart. Notid og fortid vev seg inn i kvarandre, med håp, draumar, illusjonar, sinne og kjærleik. Heile tida ligg det eit ønske der om å bli tilgitt for alle ord som aldri blei sagt, som skulle blitt sagt, som ville gjort det lettare å leve og å elske kvarandre.

Noah Haidle

Haidle slo gjennom med oppsetjinga av stykket Mr. Marmalade med Michael C. Hall (kjent frå serien Dexter) i hovudrolla. Sidan har han skrive fleire teaterstykke, i tillegg til manuset til filmen Stand Up Guys (med Al Pacino og Christopher Walken). Arbeida hans har vunne ei rekke prisar. Utanfor USA er det mest i Tyskland stykka hans er blitt sette opp, og det er første gongen eit norsk teater viser eit stykke av Noah Haidle.

Les meir om Noah Haidle

Eksamensoppgåve

Jesper Berglund er registudent ved Stockholms Dramatiska Høgskola og leverer med dette sitt eksamensarbeid i regi. Han meiner Lucky Happiness Golden Express reiser interessante ålmentmenneskelege spørsmål, relevante for tida vi lever i.