Notis

Trygt teaterbesøk!

Det Norske Teatret følger myndigheitene sine forskrifter og retningsliner for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette.

Er du frisk?

• Vi ber deg halde deg heime dersom du har luftvegsproblem, kjenner deg dårleg eller sit i karantene. Send e-post til billettluka@detnorsketeatret.no eller ring billettluka på 22 42 43 44, så hjelper vi deg med å endre billettane dine.
• Dersom du etter teaterbesøket oppdagar at du kan ha bore med deg smitte da du var i teateret, set vi pris på om du tek kontakt på same adresse.

Når du skal kjøpe billett:

• Få gjerne billetten sendt på e-post, den kan du vise fram på mobilen din og du slepp å gå i billettluka.
• Om det ikkje er du som kjøper billett som skal gå, ber vi deg sende ein e-post til louise@detnorskteatret.no med namn og kontaktinformasjon til dei som kjem i teateret. Dette må vi ha for å kunne oppfylle myndigheitene sine krav til smittesporing.
• Om du har andre spørsmål, send ein e-post til billettluka@detnorsketeatret.no
• Har du alt billettar til ei framsyning som er avlyst, les meir her.
• Gruppebestilling: Kjøper du billettar til ei gruppe har du ansvar for å formidle informasjon mellom teateret og dei andre som nyttar billettane, ved ei eventuell smittesporing.

Når du kjem til teateret:

• Oppmodar vi deg om å vaske hendene, eller bruke stasjonane våre med desinfeksjonsmiddel!
• Hald 1 meters avstand til andre publikummarar.
• Dørene til teateret og billettluka blir opna 1 time før framsyninga.
• Det er ikkje høve til å kjøpe mat og drikke.
• Jakker og vesker kan du henge frå deg i foajeen i første høgda.
• Toalettet ved Scene 3 er stengd, men ein kan nytte toaletta ved Scene 2 og 1. høgda.

Skal du på Scene 3?

• Det er maks 38 publikummarar i salen.
• Unummererte billettar.
• Dørene til salen blir opna 30 minutt før.
• Publikumsvertane vil hjelpe til ved heisen, i trappehuset, døra inn til salen og inne i salen.
• Publikum blir sleppte inn i puljar, og heile familien skal få sitte i lag.

Skal du på Scene 2?

• Det er maks 50 publikummarar i salen.
• Dørene til salen blir opna ca. 10 min før.
• Billettane er selde slik at publikum sit kvar for seg med 1 meters avstand.
• Publikum blir sleppte inn i puljar.
• Det er dessverre ikkje høve til å flytte seg eller byte sete inne i salen.

Vi ønskjer deg eit hyggeleg teaterbesøk og gler oss til å sjå deg!