Notis

Vi har opna litt, men framleis er dei fleste framsyningane fram til sommaren avlyste

I mars avgjorde Det Norske Teatret å stenge verksemda i Kristian IVs gate og på Rommen scene på bakgrunn av koronasituasjonen. Men no er dørene på gløtt og vi ønskjer velkommen inn i teateret att!

Det er med stor glede vi kan ønskje velkommen til framsyningane Sigd, Tante Ulrikkes vei og Jakob og Neikob og Alle Andre.

Vi har forsøkt å komme i kontakt med alle som har billettar til avlyste framsyningar på e-post. Har du ikkje høyrt fra oss, les meir her.

Billettluka og telefonen vår er dessverre stengd og all kontakt går via e-post. Vi har stor pågang på e-post og beklagar at det derfor kan ta lang tid før du får svar. Vi vil forsøke å svare deg innan fire veker.

Lurer du på om framsyninga du skulle på er avlyst, klikk her.


Hald deg oppdatert på Facebook og her på nettsida vår.