Notis

Svein Tindberg heim til deg!

Ta på deg finskjorta - eller joggedressen - og gjer deg klar for teater.

Ikkje alltid enkelt å kome seg opp av sofaen? Eller bur du litt langt unna Oslo sentrum? For deg som av ulike grunnar ikkje alltid finn det enkelt å kome til oss i Kristian IVs gate tilbyr vi strøyming av Gudspartikkelen av og med Svein Tindberg onsdag 15. mars kl. 19.30.

Gudspartikkelen er neste framsyning du kan sjå heime i di eiga stove. Da vil du få sjå teater i sanntid, ufiltrert og med alle spenningsmoment som høyrer augeblikkets kunst til. Dette er ikkje teater i opptak. Det er ikkje redigert, men heller ikkje laga for kamera. Det sit også tilskodarar i salen. Framsyninga blir i tillegg tilgjengeleg i eit langt større geografisk område. Vi skal jo vere eit teater for heile landet. Onsdag i neste veke kan alle ta plass i «salen».

Svein Tindberg avsluttar med Gudspartikkelen ei rad monologbaserte framsyningar med tru og tvil som tema. Desse har fått massiv merksemd og trekt ei stor publikumsmengd. Det starta med Evangeliet etter Markus, så kom Apostlenes gjerninger og Abrahams barn. Onsdag spelar han nest siste framsyning av Gudspartikkelen. Har du ikkje rukke innom Det Norske Teatret i speleperioden, har du no sjansen til å få med deg denne hendinga til ein rimeleg pris.

Det Norske Teatret starta med direktestrøyming som ein reaksjon på pandemiens avgrensingar. Bienes historie blei den første premieren som alle kunne ta del i. I løpet av perioden med nedstenging strøymde vi eit ti-tal framsyningar og fleire tusen publikummarar har logga seg på. Produksjonen er med fleire kamera og med regi i sanntid. På den måten kan publikum som sit heime få same kjensla av at noko står på spel – for dette skjer her og no!