Gå inn på www.aksjeservice.no . Klikk på «Logg inn» øvst til venstre og logg inn med BankID.
Har du problem med å logge inn, send ein e-post til aarsmote@detnorsketeatret.no der du oppgir namnet og telefonnummeret ditt. Vi vil så kontakte deg.
Dette gjeld òg om du har andre problem med å logge på.
Årsaka kan vere at aksjeposten din ikkje er registrert med personnummeret ditt. Dette må skje i god tid før påmeldingsfristen til møtet går ut.
Når du er logga inn, klikkar du på «Vis» under Oppgåver øvst til høgre.
- Ønskjer du å delta sjølv, marker «Delta selv» og klikk på «Meld på»
- Ønskjer du å gi styret eller andre fullmakt, klikk på «Deltar med fullmektig» og fyll inn
«Styret» eller detaljane (med e-postadresse) til den du gir fullmakt, og klikk på «Meld på».
Klikk på «Mine data» i menyen til venstre, og sjekk at opplysningane er korrekte. Vi må ha registrert e-postadressa di for å kunne sende deg elektronisk røystesetel og sakspapir.
Frist for å melde seg på møtet er 14. juni kl. 14.00.
Røystesetel og andre sakspapir blir sende til e-postadressene til alle påmelde måndag 15. juni. Førehandsrøystinga er open frå 15. juni til 19. juni kl. 12.
Møtet vil gå føre seg på Zoom, ei plattform for digitale møte. Lenke til møtet og nærare info om korleis du går fram kjem samtidig med røystesetelen.