Notis

Satsing på kvinnelege regissørar

Med Spire-prosjektet ønskjer Det Norske Teatret å løfte fram nye, kvinnelege regitalent.

- Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn eksisterer omtrent ikkje i norsk teaterhistorie i det heile. Dette må vi gjere noko med, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.
Våren 2022 kjem difor tre regissør-spirer som interesserer seg for å lage teater, film og tekst med ei ung målgruppe i tankane til Det Norske Teatret i Groruddalen. Dei vil få jobbe med ei gruppe ungdomar med teaterinteresse, gjerne med base i Groruddalen - og på det viset blir Spire-prosjektet samstundes eit løft for ungdomsteateret. Spirene er Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah - alle med brei, men ulik, sceneerfaring frå før.

- Vi er veldig glade for å ha fått tre så sterke, engasjerte og tydelege stemmer med oss, og er svært spente på kva dei kjem til å lage og korleis, seier Braza.
Næss Johansen, Kolstad og Nyamburah skal sette opp kvar si teatervising under oppfølging av regissørmentorane Kjersti Horn og Marit Moum Aune. Verkstadvisingane vil bli sett saman til ei heilaftans uformell teateroppleving på Rommen Scene i Groruddalen til våren.
- Håpet er at dette prosjektet vil vere ein katalysator for for både nye regissørar og nye tema i teatret, avsluttar Baza.