Notis

Løve restaurant & bar

Løve Restaurant og Bar ligg i 1. høgda i vår foajé. Frå frukost kl. 08:00 til sein kveld finn du ein stor og brei meny med kontinentale smørbrød, fransk brasseri og botnsolid á la carté. Telefon: 22 47 39 70

Ordinære opningstider:

Kjøkken

Måndag:
Frukost: 08:00 - 11:00
Lunsj: 11:00 - 14:00

Tysdag-fredag:
Frukost: 08.00-11.00
Lunsj: 11:00 - 15:00
Middag: 16:00 - 20:00

Laurdag:
Lunsj: 12.00 - 14:30
Middag: 15:30 - 22.00

Søndag: Spesialmeny. Vi opnar to timar før framsyninga tek til, og held ope til og med pausen.

Bar og kafé - ordinære opningstider

Måndag: 08:00 - 15:00
Tysdag-torsdag: 08.00-00.30
Fredag: 08:00-03.00
Laurdag: 12.00-00.30
Søndag: Vi opnar to timar før framsyninga tek til, og er ope til og med pausen.

Du kan sjå menyen her

Les meir på nettsidene til Løve Restaurant og Bar

Du kan sjølv bestille bord her:

Utskarpen - foajebaren (1. høgda)

Foajébaren finn du rett innanfor dørene på Det Norske Teatret. Han er open før framsyningane om kvelden. Her har vi flotte sittegrupper, og du får kjøpt drikke og snacks. Ein hyggeleg møteplass før du skal på framsyning. Foajebaren passar også til mottakingar for grupper

Bikuben - foajebaren (2. høgda)

Bikuben finn du i 2. høgda ved Hovudscenen. Bikuben opnar to timar før framsyninga tek til. Her får du kjøpt enkel mat, drikke og snacks. Ein hyggeleg møteplass før du skal på framsyning. Foajebaren passar også til mottakingar for grupper. Det er lov å ta med drikke inn I salen.

På Hovudscene kan du bestille pauseservering med VIPPS. #573706 Cabaret AS