Notis

GNIST

– Eit ungdomsprosjekt som utforskar teaterets magi!

Bilde frå «BEST», ei framsyning i samarbeid med SPKRBOX og Stovner Bokseklubb.

Det Norske Teatret søker deg som er mellom 15-18 år til å bli med i Gnist.

Det finst mange måtar og moglegheiter til å formidle i teater, og fleire av dei handlar om det visuelle og auditive; lysdesign, lyddesign, scenografi, kostyme, maske/sminke. Vi søker deg som er nysgjerrig og vil utforske eit eller fleire kunstnariske uttrykk. I Gnist lærer du meir om korleis du designar og bygger eit scenisk rom og du kan få prøve deg fram med kostymedesign og teatersminke! Du får høve til å utforske og prøve deg fram i trygge rammer, med kompetente rettleiarar innanfor alle fagfelta. Prosjektet går over seks ettermiddagar våren 2022. Oppstart 24. januar. Det er 15 plassar, og det er gratis å delta. Så skund deg å søke!

Kva treng du:

- Engasjement for å lære, utforske, og vere kreativ
- Eit ønske om å utvikle deg sjølv og dei kreative evnene dine
- Interesse for ein eller fleire av dei visuelle komponentane i teateret

Kva får du:

- Vere ein del av ein dynamisk og kreativ fellesskap
- Praktisk og spennande erfaring innan den visuelle delen av teateret
- Rettleiing frå nokre av dei fremste innan kvart fagfelt
- Synfaring og besøk til teater, sjå framsyningar, «bak scenen»-opplevingar og bli kjent med nye menneske


For å melde di interesse: Film deg sjølv med mobilen, og send inn ein kort presentasjonsvideo (maks 1 minutt) der du fortel om deg sjølv og det som interesserer deg.
Vi er interessert i DEG og di kreative stemme!

Frist: 20. desember 2021

Har du spørsmål, ta kontakt med: belinda.braza@detnorsketeatret.no
Vi gler oss til å møte deg i teateret!