Notis

Framleis 200 i salen

Somme lurer på kor mange vi eigentleg spelar for om dagen. Det Norske Teatret spelar framleis teater for inntil 200 publikummarar!

På Rommen Scene, Scene 2 og Scene 3 er talet lågare grunna mindre plass.

Frå og med 12. oktober har teater fått løyve til å ha publikum i salen med berre eitt sete imellom, men det vil framleis vere maksimalt 200 i salen. Dette vil gjere at vi kan auke kapasiteten noko på dei mindre scenane, og fleire vil kunne få glede av framsyningane våre.

Vi forsikrar alle i publikum om at vi framleis held smittevernet høgt, og at alle besøkande kan smittesporast.

Velkommen til ei god oppleving i teateret!