Notis

Er framsyninga avlyst?

Har du billettar til ei framsyning som er avlyst og lurer på kva som skjer med billettane dine? Les dette!

Eg har kjøpt billettar, men no ser eg at framsyninga eg skulle på er avlyst. Kva skjer?

Grunna korona-viruset påla myndigheitene oss å stenge dørene den 12. mars. Sidan da har vi jobba med å kontakte alle som hadde billettar til framayningar som no er avlyste.

Eg trudde teatret skulle kontakte meg, kvifor har eg ikkje høyrt frå dykk?

Vi har forsøkt å komme i kontakt med alle som har billettar til avlyste framsyningar på e-post. Har du ikkje fått e-post, kan du sjekke søppelposten din eller sende ein e-post til kundeservice@detnorsketeatret.no. Sjå alernativ under.
Grunna stor pågang tar det dessverre litt lenger tid å komme i kontakt med alle enn vi hadde håpt, men vi lovar å svare deg innan 4 veker.

Kva kan eg gjere med billettane mine?

  1. Du kan byte til nye billettar.
    Vi har nye framsyningar i sal til hausten.
    Ønskjer du å byte billettane dine til ein ny dato, send e-post med ny dato til hei@detnorsketeatret.no
  2. Du kan få ein tilgodelapp.
    Vi kan sende deg ein tilgodelapp på beløpet, som er gyldig i 2 år og kan brukast som betaling på nettsida vår og i billettluka.
    Send e-post til kundeservice@detnorsketeatret.no om at du ønskjer tilgodelapp.
  3. Du kan få beløpet refundert.
    Vi kan refundere beløpet til kortet du betalte med, eller til kontonummeret ditt.
    Send e-post til kundeservice@detnorsketeatret.no om du ønskjer refusjon, og legg ved kontonummeret ditt.
  4. Gi ei gåve til Det Norske Teatret
    Mange seier til oss at dei ikkje ønskjer pengane tilbake. Vi går ei uviss tid i møte, og det er ikkje tvil om at det å stenge ned heile verksemda er tungt å bere økonomisk.
    Send e-post til kundeservice@detnorsketeatret.no dersom du ikkje vil ha tilbake pengane for billettane du har kjøpt. Det set vi stor pris på! 

Vi gjer merksam på at billettluka og telefonen er stengd, så all kommunikasjon må gå via e-post.

Kan eg byte billettar til ei av framsyningane som går no i vår?

Du er hjarteleg velkommen til å komme for å sjå Tante Ulrikkes vei, Sigd eller Jakob og Neikob og Alle Andre eller som er lagde ut for sal med alle tiltak for at teaterbesøket skal vere ei hyggeleg og trygg oppleging for alle. Du kan imidlertid ikkje byte billettane dine til ei av desse framsyningane, men du kan kjøpe nye billettar til desse på nettsidene våre. Du vil uansett kunne byte dato eller få refundert billettane du hadde til ei avlyst framsyning.

Lurer du på om framsyninga di er avlyst, les meir her.

Hjarteleg velkommen til Det Norske Teatret!