Notis

Det Norske Teatret er ramma av streik

Det får store konsekvensar for drifta ved teateret. Målet er likevel å halde drifta så normal som mogleg, særleg av omsyn til publikum.

Sidan fredag 3. september har Det Norske Teatret vore ramma av streik.
Alle eigenproduksjonar på Hovudscenen og Scene 2 er avlyste inntil streiken blir avblåst.

- Vi er lei oss for at det ikkje blei semje mellom Spekter og LO-forbunda i forhandlingane om pensjon hos Riksmeklaren natt til fredag 3. september. Tidspunktet for streiken kjem på eit dårleg tidspunkt no som vi er midt i den gradvise gjenopninga av teateret etter pandemien, seier teatersjef Erik Ulfsby.
Dei tre LO-forbunda Fagforbundet, NTL og Creo ønskjer ei anna pensjonsordning enn det alle tilsette ved norske teater og orkester har hatt sidan 2016. Den gjeldande ordninga er innskotspensjon med dei høgaste sparesatsane som er mogleg (7%).

LO har tatt ut 73 tilsette i tekniske avdelingar og støttefunksjonar ved Det Norske Teatret i streik. Skodespelarane er ikkje i streik og vi avviklar framsyningar så langt det lar seg gjere. Publikum blir kontakta ved endringar.

Billettluka har for tida redusert bemanning grunna streiken og du kan difor oppleve lengre ventetid enn vanleg.
Med atterhald om endringar på kort varsel.

Opningstider telefon:­
Måndag 27.9: 13.00 - 15.00
Tysdag 28.9: 12.00 - 14.00
Onsdag 29.9: 12.00 - 14.00
Torsdag 30.9: 12.00 - 14.00

Tlf. nr 22 42 43 44

Opningstider billettluka og resepsjonen:
Måndag 27.9: 09.30 - 16.00 (stengt 12.15 - 12.45)
Tysdag 28.9: 09.15 - 20.30
Onsdag 29.9: 08.00 - 20.30 (stengt 11.00 - 11.30 og 14.30 - 16.00)
Torsdag 30.9: 08.00 - 16.00

Du kan også nå oss gjennom hei(@)detnorsketeatret.no

Adresse: Kristian IVs g. 8, 0164 OSLO
Org.nr. 921 196 164