Notis

Audition Semper Eadem

Audition til framsyninga SEMPER EADEM av Mimmi Tamba

Regi/koreografi: Belinda Braza
Scenografi/lysdesign: Torkel Skjærven
Kostyme: Unni Walstad
Musikalsk leiar: Svenn Erik Kristoffersen
Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

Komponist: Mimmi Tamba

Det Norske Teatret søker dansarar til å medverke i framsyninga «Semper Eadem», som får urpremiere på Hovudscenen, januar 2023. Vi søker dansarar med bakgrunn frå hiphop/breaking/moderne/samtidsdans, som trivst med å jobba improvisatorisk, men også med koreografi.

Vi ønsker utøvarar med eit sterk individuelt uttrykk og musikalitet. Erfaring med song er eit pluss.

PRØVE- OG SPELEPERIODE

Prøveperioden er frå medio desember 2022, og premieren er 14.01.23. Prøvane vil gå føre seg på dagtid, men i innspurten fram mot premiere vil arbeidstida vere både dag og. Lønn etter avtale.

OM SEMPER EADEM

"Semper Eadem" er ei musikalsk hybrid-framsyning, basert på Mimmi Tambas Spellemannspris-nominerte album, med same tittel. «Semper Eadem» er ein del av triologien der Mimmi tar publikum med på ein djupt personleg, men likevel universell transformasjon og reise. Ein transformasjon som eskalerte i eit avgjerande møte med Dronning Elizabeth 1. Dronninga som var grensesprengande, normbrytande og heilt unik i levetida si, og langt inn i framtida. Denne unike kjennskapen blir fortalt gjennom eit gnistrande møte mellom konsert og teater, der historia blir formidla gjennom musikk og dans, i ei spennande visuell innramming.

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.

SØKNADSFRIST 23. SEPTEMBER || DATO FOR AUDITION 29. SEPTEMBER

Send inn din søknad via skjemaet under. Kontakt audition@detnorsketeatret.no for spørsmål.

Send inn din søknad her:

Bruk - (bindestrek) mellom tala. Eks: 14-11-1994
Word-fil, PDF eller bilete. OBS! Filnamnet må innehalde ditt namn!
Last opp bilde. OBS! Filnamnet må innehalde ditt namn!
Kan vere Instagram/Vimeo/Youtube e.l.

Fyll inn all informasjon i søknadsskjema, last opp filane dine og trykk «send inn».