Notis

Audition til musikalen Once

Det Norske Teatret søkjer musikarar/skodespelarar til musikalen Once som har premiere på Scene 2 24. januar 2025. Prøvestart 18. november 2024.

Vi søkjer folk til desse rollane:

Eamon
Alder: 30-45 år (scenealder)
Stemme: Baryton/lys baryton
Hovudinstrument: Cello, mandolin (må beherske desse utmerka)
Andre instrument: Kontrabass, slagverk og gitar

Svec
Alder: 25-35 år (scenealder)
Stemme: Baryton/lys baryton
Hovudinstrument: Gitar, banjo, mandolin (må beherske desse utmerka)
Andre instrument: Trommer, melodika, piano (må beherske dette bra)

Ex girlfriend
Alder: 20-40 år (scenealder)
Stemme: Mezzosopran
Hovudinstrument: Fiolin (må beherske dette utmerka)
Andre instrument: Cajon (må beherske dette bra)

Reza
Alder: 25-40 år (scenealder)
Stemme: Mezzosopran
Hovudinstrument: Fiolin (må beherske dette utmerka)
Andre instrument: Trekkspel (må beherske dette bra)

Last opp ein video lenger ned der du syng og akkompagnerar deg sjølv.
Hugs at du må fortelje oss kva for rolle du søkjer på. Du kan søkje på éin eller fleire roller. Du skal nytte hovudinstrumentet til rolla du søkjer.

Songen bør vere på norsk. Vis oss også dine ferdigheiter på dei øvrige instrumenta som din rolle skal beherske, eller anna instrument. Maks 1. minutt per instrument.

Søknadfrist: 01. mai 2024
Audition: 26., 27. og 28. mai 2024

Skjema for påmelding:

Bruk - (bindestrek) mellom tala. Eks: 14-11-1994
Du kan søkje på éin eller fleire roller. Du skal nytte hovudinstrumentet til rolla du søkjer.
Max 1000 teikn
Last opp foto av deg sjølv - filnamnet må inneholde namnet ditt.
Dra og dropp filar her eller trykk og last opp
    Word-fil, PDF eller bilete. OBS! Filnamnet må innehalde ditt namn!

    Har du hugsa å laste opp videopptak av deg sjølv på dropbox-lenka over? 

    Fyll inn all informasjon i søknadsskjema og trykk "send inn".