Notis

Audition Rommen Scene

Bilde frå «BEST», ei framsyning i samarbeid med SPKRBOX og Stovner Bokseklubb.

Fristen har gått ut.

Det Norske Teatret søker 2 skodespelarar som skal medverke i produksjonar på Rommen Scene i sesongen 2021/2022.

Lengde på engasjement etter avtale.


Vi ser etter:

Ein person som skal spele «Mann», mellom 20-40 år
Ein person som skal spele «Kvinne», mellom 20-40 år

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

- Vi søker deg som har interesse og engasjement for teater, med sterk tilknyting til Groruddalen.
- Vi søker deg som er leiken, uredd, kreativ og som byr på deg sjølv.
- Vi søker deg med dedikasjon, driv og som ønsker å vere med på å utvikla gode teateropplevingar for barn og unge.
- Det er positivt om du har tidlegare erfaring frå teater, TV, dans, song el.
- Vi ønsker deg som gjennom eigenskapar, livserfaring og talent, speglar den sterke identiteten i Groruddalen, og som ønsker å bidra med stemma og kroppen din inn på scena.


Rommen Scene ligg midt på Rommensletta i Groruddalen, og er ein kreativt og dynamisk scene med spennande programmering og aktivitet. Det Norske Teatret starta i 2019 eit samarbeid med Rommen Scene (drifta av Kulturetaten), og har sidan då nytta scenen som ein eigen satsingsscene for barn, unge og unge vaksne. Der har vi mellom anna produsert og spelt framsyningar som «Tante Ulrikkes vei», «Linje 5», «Blokk til Blokk», «Abrahams barn», «Det går betra no» mm.

Frist for å sende inn audition-skjema og video er fredag 21. mai.
Utvalde søkarar vil bli invitert til audition, etter gjeldande smittevernreglar.

Spørsmål kan sendast til audition@detnorsketeatret.no