Notis

Audition Bienes historie

Det Norske Teatret skal sette opp Bienes historie, og treng barn til å medverke i framsyninga. Bienes historie har premiere på Hovudscenen den 05.09.2020, og prøvetida vil gå føre seg i juni og frå august til premiere. Framsyninga blir spela utover hausten 2020. Noko fråvær frå skule grunna prøver må ein rekne med.

Vi treng 14 gutar i alderen 7-12 år som syng godt.
Vi treng 10 jenter i alderen 7-14 år som syng godt.

Er du interessert kan du sende inn søknadsskjema + ein video av deg sjølv seinast 24.5.2020. Videoen skal innehalde:

  1. Kort presentasjon med namn, alder og fortel oss om du likar honning.
  2. Syng skalaene på vedlagte lydfil (syng skalaen etter at pianoet har spela den)
  3. Syng «Jeg er havren» i A dur og C dur. (Syng saman med pianoet etter eit lite forspill). Bruk originalteksten, eller lag ein eigen tekst - gjerne på nynorsk!


Jeg er havren. Jeg har bjeller på,
mer enn tyve, tror jeg på hvert strå.
Bonden kaller dem for mine fold.
Gud velsigne ham, den bondeknoll.


Aktuelle kandidatar vil bli kontakta innan 01.06.2020.

Har du spørsmål, ta kontakt med silje@detnorsketeatret.no. Prøver og framsyningar vil skje i tråd med regjeringas krav om smittevern.

Er du interessert kan du sende inn søknadsskjema + ein video av deg sjølv seinast 24.5.2020.

Fyll inn all informasjon i søknadsskjema og trykk «send inn» før du går vidare til å laste opp video.

Bruk - (bindestrek) mellom tala. Eks: 17-05-2007