Notis

Alle framsyningar i november er avlyste for publikum

Nye koronatiltak gjer at teatra må avlyse alle framsyningar frå og med tysdag 10. november og ut månaden.

Alle som har billettar til framsyningar mellom 10. november og 30. november har fått e-post om refusjon.

Har du betalt med kort blir beløpet refundert tilbake til kortet du nytta da du kjøpte billettane.

Har du betalt med gåvekort/tilgodelapp eller kjøpte billettane i billettluka, sender vi deg ein tilgodelapp på beløpet.
Ønskjer du å få tilgodelappen refundert, kontakt billettluka på tlf. 22 42 43 44 når du får tilgodelappen sendt på e-post.

Vi er lei oss for alle ulempene dette medfører for publikum, men ser fram til å kunne opne dørene igjen fram mot jul.

Billettluka og telefonen er open.


Oppdatert 12. november.