Musikkteater for barn

Korleis overleve i ei verd der musikk slik vi kjenner det er forbode? Elektronika, rytmar, discolys, bergtakande videoprojeksjonar og ei søt historie om vennskap, asteroider og retten til å ytre seg er ingrediensane i vårens store satsing for barn.

RYTMAR FRÅ VERDSROMMET
URPREMIERE FREDAG 16. JANUAR KL. 18.00
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Mikkmikk (Heidi Ruud Ellingsen) og faren hennar (Randolf Walderhaug), som er astronomisk førsteforskar, lever under eit totalitært regime. Her er det ikkje er lov til å ytre seg musikalsk anna enn med ein tone av gangen. Ingen akkordar, ingen rytmar. All tillaten musikk er komponert av Rådsformannen. Det er han som har makta i landet, og han er livredd for å miste den. Rytmar og fleirtonig musikk gjer at folk kan miste kontrollen over seg sjølve og kjenslene sine. Da kan jo alt hende. Ein kan begynne å danse, for eksempel! Musikkovervakinga passar på at dette ikkje skal skje.

Men så ein dag landar det eit tromskip i skogen, og Mikkmikk får ein ny venn. Han er trommonaut og tromskipet hans blir drive av tromming. Han seier at ein asteroide trugar med å øydeleggje jorda, og Mikkmikk må hjelpe han å stanse den. Men da må dei bruke rytmar…

Alt dette og meir til skjer i denne visuelle totalopplevinga der rytmar, bilete, og lys spelar hovudrollene. På scenen er nemleg også komponist og trommis Peter Baden til stades for å gjere dette nyskrivne stykket for barn og familiar til ei heftig kryssing av konsert og teater.