Kva gjer testsamfunnet med oss?

I Fridomens vegar undersøkjer regissør Tore Vagn Lid kva den utstrakte testinga vi blir utsette for gjer med oss. Dette gjer han i ein pubquiz-inspirert setting der publikum blir delte inn i lag, og skodespelarane opptrer som quizvertar som testar publikums kunnskapar og resonneringsevner.

FRIDOMENS VEGAR
AV TORE VAGN LID
URPREMIERE LAURDAG 8. OKTOBER KL. 17.30
DET NORSKE TEATRET, SCENE 2

Gjennom utstrakt testing prøver vi å forme naturen i vårt forskningsbaserte bilde. Er du innanfor eller utanfor normalen? Har du det som krevst for jobben? Har du høg eller låg IQ? Dersom du på noko vis fell utanfor normalområdet, skal du få hjelp til å bli mest mogleg normal. Men kan naturen eigentleg kontrollerast? Og kven er bestemmer kva som er normen? Kven lagar testane?
Og ikkje minst: Kven testar testaren?

I Fridomens vegar blir både skodespelarane og publikum testa. I ein pubquiz-setting med bar blir publikum delte inn i lag og testa i alt frå musikk- til biologikunnskapar. Men også skodespelarane blir sette på prøve. Bjørn (Joachim Rafaelsen) blir innkalt til eit slags jobbintervju med eit innleigd firma for å finne ut om han har det som skal til for å få engasjement ved Det Norske Teatret i to nye år. Marie (Ane Dahl Torp) tar ein personlegdomstest, og får eit overraskande resultat. Ane (Marie Blokhus) testar seg for ein genetisk arveleg sjukdom. To barn blir sendt ut i verda for å finne ut kven som laga det omstridde «solfaktor»-spørsmålet i Pisa-testen – ei jakt som fører dei langt over rikets grenser.

Kan ein saksøkje foreldra sine dersom dei visste at dei kunne føre vidare ein genetisk arveleg sjukdom? Er det ein grunn til at dei på vestkanten tener meir enn dei på austkanten? Skal dei som har anlegg for ein genetisk arveleg sjukdom betale høgare livsforsikring? All kunnskap vi får, gir oss nye dilemma. Vi kan få kunnskap vi ikkje visste at vi ikkje ville ha.
Er det nokon som profiterer på det dei får vite om nettopp deg?