KVA ER POENGET MED Å KRIGE, IGJEN?

I Andre verdskrigen – Natt i verda diskuterer vi om det å krige er del av det å vere menneske. I den absurde klassikaren Frukost i det grøne ser vi på det komiske ved krigen.

FRUKOST I DET GRØNE
PREMIERE LAURDAG 20. FEBRUAR KL. 18.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Ein soldat i ei utbomba krigssone får overraskande besøk av foreldra sine. Det er upassande. Og dessutan ulovleg. Men aller mest er det flaut, for da ser foreldra kor dårleg sonen er til å krige.

Foreldra tenkte at han sikkert kjeda seg og dei steller i stand ein piknik midt på slagmarka: god mat, blomar, vin og musikk.

Plutseleg dukkar ein av fiendens soldatar opp. Først blir soldaten tatt til fange, men så viser det seg at dei har så mykje til felles. Det blir riktig så hyggeleg, og soldaten blir invitert med på frukosten. Ingen av dei hugsar lenger kvifor dei er fiendar. Om fienden ikkje vil krige, og du ikkje vil krige, kvifor krigar vi da?

Fernando Arrabal
Fernando-Arrabal

Dramatikaren Fernando Arrabal har gjennom heile kunstnarskapen sin sprengt grenser og stått opp mot det beståande og konforme. Han var i si tid del av krinsen rundt den kjende surrealisten André Breton. Her fekk han impulsen til å starte Det paniske teatret – eit grenselaus, vilt og ekstremt teater. Frukost i det grøne er nok ikkje mellom hans mest provoserande stykke, men stykket er dessverre evig aktuelt og anti-krigsbodskapen like treffande og komisk.

– Den komiske motvekta til tragedien, seier Arrabal sjølv om stykket.

Les Bår Stenviks artikkel om Fernando Arrabal