Kva ansvar har vaksne for sårbare barn?

Ei jente på 11 år har tatt livet sitt. Korleis kunne det skje? Kunne det ha vore forhindra? Kven har ansvaret? Foreldra? Skolen? 11 ÅR er ei teaterframsyning som tek i bruk dokumentarisk materiale for å fortelje ei historie om einsemd, skyld og forskyving av ansvar.

11 ÅR
AV GOKSØYR & MARTENS
URPREMIERE TYSDAG 23. MAI KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

I 11 ÅR handlar det om kvardagen i skolen. Situasjonen er velkjent for dei fleste. Barn som leikar, kjeklar, tullar, slåst. Lærarar som ikkje får tatt pausen sin fordi dei må rette stilar, snakke med barn som har det vanskeleg eller som vil ha ein pastill. Eitt av barna ved skolen har lenge følt seg utestengt, og har tatt sitt eige liv. I framsyninga blir kvardagen hennar sakte nøsta opp. Kven har skulda for handlinga til elleveåringen? Burde dei vaksne ha sett kor alvorleg det stod til? Kunne dei ha handla annleis? Kan ein legge skulda på ein person eller instans? Mora har behov for å vite den fulle sanninga.

PUBLIKUM ER VITNE

Med11 ÅR flyttar regiduoen Goksøyr & Martens inn på Det Norske Teatrets Hovudscene. Publikum blir plasserte på 4 meter høge stillas. Herifrå kan dei kikke ned i ein skolegard med leikande barn, klatrestativ, husker og sittegrupper. Ved hjelp av øyretelefonar kan publikum samstundes følgje dialogen i eitt av klasseromma på skolen, der det er eit møte mellom den 11 år gamle jentas foreldre, læraren og rektor, som ikkje blir slik nokon av dei hadde sett for seg.

SJØLVMORD HOS BARN 

Framsyninga fortel ikkje historia om eit verkeleg barn, men er basert på intervju med fleire foreldre, barn, tilsette i skolen og forskarar. Ut frå dette materialet har Goksøyr & Martens skrive ei historie som speler seg ut over ein dryg time ein vanleg ettermiddag. Med denne framsyninga ønskjer dei å rette søkelyset mot eit tema vi snakkar så lite om i det offentlege, at mange trur det ikkje skjer. Men sjølvmord hos små barn skjer. Gjennom å snakke om det, ønskjer dei å auke bevisstheita rundt temaet, og vekke oss vaksne til å tenke, sjå, bry oss og handle.

ÅLEINE I SKOLEGARDEN, ÅLEINE MED ANSVAR

– Det er ingen tvil om at jenta i stykket har vore for mykje åleine. Men også ein lærar og ein rektor kan vere einsam med eit stort ansvar, seier Camilla Martens. 11 ÅR forsøker å vise kompleksiteten i ein hektisk skolekvardag der skolevesenet blir stilt til ansvar for opplæring av barna, men også for å følge med på det psykososiale miljøet både på skolen og heime. Når du ser utover ein skolegard, vil du ofte sjå barn i ulike situasjonar. – Somme tider vil ein sjå noko som ein tenkjer at er litt merkeleg – og kva gjer ein som vaksen med det? Når skal du gripe inn? Det kan det ofte vere vanskeleg å sjå når ein står midt i det, seier Martens vidare. – Det kan vere veldig lett å vente, sjå det an, supplererer Goksøyr. – I ettertid oppstår eit behov for å finne feilen hos dei andre.