Krig og amerikansk dramatikk på Det Norske Teatret

Teatersjef Erik Ulfsby legg fram repertoaret for våren 2016.

PROGRAMSLEPP VÅR 2016
TYSDAG 3. NOVEMBER KL. 10.00
BIKUBEN, DET NORSKE TEATRET

Ein stor musikal frå duoen bak suksessen Next To Normal, komisk og ubehageleg samfunnssatire, antikrigsteater og krigstidsteater, romantikk, eventyr og fleire nye stykke rett frå Broadway er noko av menyen i vår.

Tysdag 3. november legg teatersjef Erik Ulfsby fram heile vårens repertoar, og det vil bli vist smakebitar på scenen.

Det vil også bli enkel servering og høve til å prate med teatersjef, regissørar og fleire skodespelarar frå dei ulike produksjonane.

Meld gjerne frå om du kjem.

Hjarteleg velkommen!

 

For intervjuavtalar og meir informasjon:

Ida Michaelsen, Informasjonssjef
T: 22 47 38 30 // E: ida@detnorsketeatret.no

Åsne Dahl Torp, Informasjonskonsulent
T: 22 47 38 27 // E: aasne@detnorsketeatret.no