KOSTYMESAL OG SHAKESPEARE PÅ KULTURNATTA

Vi har leita fram skattar frå kostymelageret og inviterer til haustens første Bikubekveld med Shakespeare-tema under årets Kulturnatt.

KOSTYMESAL OG BIKUBEKVELD, OSLO KULTURNATT
KOSTYMESAL KL. 18.00 – 21.00
BIKUBEKVELD KL. 22.30
FREDAG 16. SEPTEMBER
DET NORSKE TEATRET

På kostymesalet kan ein komme for å kikke på nokre av kostymeskattane våre, og kanskje skaffe seg byens mest eksklusive antrekk. Alt som blir lagt ut for sal på dette – noko alternative – loppemarkedet, er kostyme frå ulike framsyningar dei seinare åra.

Kveldens Bikubekveld ber tittelen Much Ado About Shakespeare – or What You Will og markerer at det er 400 år sidan sjølvaste William Shakespeare døydde.

Vi feirar den vakre poesien, dei rike persongalleria og udøydelege dramatikken – som er like aktuell i dag som for 400 år sidan.

Til dei med lakenskrekk kan vi òg nemne at det er mogleg å sjå teater heile natta gjennom. Kl. 23.45 startar nemleg Andre verdskrigen – Natt i verda på Hovudscenen.