Kjøpsvilkår og personvern

For å kjøpe billettar til Det Norske Teatret via nettsidene våre, må du vere registrert som brukar.
Personopplysningar du gir oss blir handsama i tråd med GDPR og gjeldande norsk lov om personvern og innsynsrett. Du redigerer sjølv opplysningane.
Kjøpet er gjennomført når betalinga er registrert. Du får da ei stadfesting på skjermen og i løpet av få minutt får du ei kvittering også på e-post. Du kan velje om du vil skrive ut billetten din sjølv, laste han opp på mobilen eller få billetten sendt til heimeadressa di. Det kostar kr 50 å få billettar i posten.

Nettsal og tryggleik

Det Norske Teatret nyttar programmet SRO til å selje billettar. Sjølve betalingstransaksjonen blir handsama av betalingsleverandøren Bambora. Opplysningane dine blir krypterte ved hjelp av SSL (Secure Sockets Layer) og 3D-Secure og følgjer bankanes krav til tryggleik. Du kan bruke VISA, Eurocard/MasterCard, Vipps og teaterets eige gåvekort.

Refusjon og byte

Kjøpte billettar blir berre refunderte ved avlysing eller endringar i speleplanen. Vi refunderer ikkje reise, opphald mm. Angreretten ved fjernsal og kjøp utanom fast utsalsstad gjeld ikkje for teaterbillettar. (Jf. Angrerettslova § 22.)

Angreretten på 14 dagar frå kjøpsdato gjeld derimot på gåvekort som er kjøpt på nettet, jf. Angrerettslova paragraf 21.


Du kan byte billettar mot eit transaksjonsgebyr.Billettar må bytast seinast dagen før framsyninga og du kan byte til ein annan dato, anna framsyning eller til eit gåvekort. Det kostar kr. 100 per transaksjon å byte billettar.

Mista billett

Har du mista billetten din, kan vi finne han igjen så lenge vi har registrert kven som har kjøpt han med namn og/eller telefonnummer. Har du kjøpt på nettsida vår kan du logge logge deg inn på MI SIDE og finne bestillinga di her.

Prisar og rabattar

Prisar og evt. rabattar vil liggje tilgjengeleg under kvar framsyning.

Billettar blir kontrollerte ved inngang til framsyninga.
Er billettar kjøpt med personavhengig rabatt (t.d. student, honnør eller ulike former for medlemskap) skal gyldig legitimasjon visast saman med billetten ved inngang til salen. Utan slik legitimering må ein betale mellomlegg til full pris i billettluka.

Personvern

Nettsalet til Det Norske Teatret følgjer dei til alle tider gjeldande reglar og norsk lov om personvern. Vi lagrar ikkje sensitive opplysningar, berre informasjon som er relevant for å oppfylle pliktene våre overfor deg som vår kunde.

Lov 2000-04-14 nr. 31: Personopplysningslova: Kap III 18 gir deg rett til innsyn i dei opplysningane vi har lagra om deg. Kontakt oss på nettbillett@detnorsketeatret.no dersom du ønskjer innsyn i våre opplysningar om deg.Les meir om personvernerklæringa vår her.

Registrering

For å sikre god service og korrekt oppfølging av kjøp, lagrar vi følgjande opplysningar om kunden:

  • Namn
  • Telefonnummer
  • e-postadresse (blir brukt som brukarnamn ved innlogging).
  • Postadresse (viss du vil ha billettane sendt heim)

I tillegg opplysningar som vedkjem kjøpethos oss, for eksempel framsyningsdato, opplysningar om plassar, tal på billettar, pris, rabatt, betalings- og leveringsmåte osb.

Du kan velje om du vil ta imot annan informasjon og tilbod om framtidige framsyningar hos oss basert på tidlegare kjøp. Du vil da kunne få kampanjekodar som kan gi spesielle tilbod.


Det er to alternative kommunikasjonsformer og du må gjerne velje begge (e-post eller SMS). I kva form tilboda blir sende, vil variere frå gong til gong.
Dette er sjølvsagt heilt frivillig, og du kan redigere desse opplysningane sjølv.

MI SIDE kan du også endre og oppdatere opplysningar dersom du t.d. flyttar eller får nytt telefon-/mobilnummer. Opplysningar blir ikkje delte med tredjepart!

Har du spørsmål om dette kontakt nettbillett@detnorsketeatret.no

Anna

Vi tek atterhald om endring av seteplassering innanfor same prisnivå eller flytte til ein annan kategori. Då utbetalar vi ein eventuell prisforskjell. Dette vil berre vere unntaksvis t.d. ved filming eller liknande, og du vil få melding i god tid.