Kan småbarn ha glede av teater?

Dieserud og Lindgren ønskjer å stimulere barnas fantasi og evne til undring med framsyninga Drake-Zoo.

DRAKE-ZOO
– TEATER FOR BARN 0-3 ÅR
AV DIESERUD/LINDGREN
URPEMIERE 6. APRIL KL. 14.00
PÅ DET NORSKE TEATRET, SCENE 2

– Vi prøver å skape framsyningar som gir små barn det vi kaller ei «utenomkvardagsleg oppleving», seier Christina Lindgren, som står bak ide, konsept og regi for småbarnsframsyninga Drake-Zoo. Ho og makkaren Hanne Dieserud har lang erfaring med å lage teater for dei alle minste. Framsyningane Korall Koral – en babyopera og Høgt oppå fjellet har hittil blitt spelt for rundt 30 000 publikum.

Forsking på småbarn og kunstopplevingar

I Norden og Europa for øvrig er det blitt produsert framsyningar for denne målgruppa i over 20 år, og det er også forska ein hel del på området kunstopplevingar for småbarn. – Forskarane meiner å ha funne at kunst er med på å utvikle barns evne til empati og innleving. Du kan sjå at dei lyttar, ser og blir emosjonelt berørte av det dei er med på. Vi kan ofte observere at kjenslene på scenen blir spegla i ansikta til dei unge publikummarane som undring og humor, seier Lindgren. – Det er også ei erfaring å dele ei oppleving, vi stimulerer nysgjerrigheita og fantasien deira. Ofte er samhandling mellom barn og vaksne med pedagogisk eller oppdragersk formål – her stiller alle likt.

Mytiske drakar

I deira nye framsyning, Drake-Zoo, utforskar Dieserud/Lindgren saman med barna: Kva er ein drake? Korleis rører han på seg? Kva for lydar lagar han? I teaterrommet blir barn med vaksne inviterte til å sitte tett på scenografi og utøvarar. Framsyninga legg vekt på å barnets evne til fantasi og undring, på å oppleve og sanse, og ikkje på å formidle ei konkret historie.

Duoen har gjort research på draken som zoologisk vesen og kulturhistorisk fenomen opp gjennom tidene og i ulike land. I Vesten ser vi på draken som ein trugsel som vaktar skattar og tar kvinner og barn. I Austen, derimot, ser dei på drakar som positive og kraftfulle. I visse asiatiske land håpar dei det blir ein drake når dei ventar barn. Drakane er som eit bindeledd mellom mennesket og gudar.

Resultatet blir formidla gjennom lyd, rørsler, samhandling og leik.