Kan scenekunst forandre ein by?

Kan scenekunst forandre ein by? Kan ein påverke kulturpolitikk gjennom kunst? I neste veke blir det arrangert ein femdagars konferanse med dette som tema på Det Norske Teatret. Odin Teatret frå Holstebro i Danmark er eksemplet som blir debattert.

ODIN TEATRET RYKKER INN
TYSDAG 26. TIL LAURDAG 30. APRIL
DET NORSKE TEATRET
Eit samarbeid mellom Det Norske Teatret, Teater Prospero, Danse- og Teatersentrum og det norske scenekunstmiljøet

I løpet av fem dagar blir det fullt program med arbeidsdemonstrasjonar, foredrag, debattar, meisterklassar, teaterverkstader, framsyningar, konferanse og lansering av ny dokumentarfilm om Odin Teatret. Mellom foredragshaldarane er den 84 år gamle teaterlegenden Eugenio Barba (grunnleggjar og kunstnarleg leiar ved Odin Teatret).

ODIN TEATRET OG EUGENIO BARBA

Odin Teatret er i dag ei av verdas mest anerkjende omreisande teatergrupper. Det blei grunnlagd i Oslo av Eugenio Barba i 1964, like etter han hadde gått i skole hos ei anna teaterlegende; Jerzy Grotowski. Barba sleit med å komme inn i det norske teatermiljøet. – Han var utlending og hadde eit avantgardistisk kunstuttrykk. Han fekk tak i lista over søkarar til Teaterhøgskolen som ikkje hadde kome inn og saman med desse etablerte han teatergruppa som skulle prege nordisk teater fram til i dag.

Jakta på ein tilhaldsstad førte dei til Holstebro i Danmark allereie i 1966. Her oppstod eit fruktbart samarbeid mellom den vesle byen og det tilreisande gruppeteatret, og det er dette som er utgangspunktet for Odin-veka på Det Norske Teatret. Kva kan vi lære av denne sameksistensen?

Det blir også debattar og foredrag med mellom andre Erling Dokk Holm (dekan ved Markedshøyskolen i Oslo) Rina Mariann Hansen (byråd for kultur, idrett og frivillighet i Oslo), Kjetil Trædal Thorsen (Arkitekt og gründar i Snøhetta) og H.C Østerbye (borgarmeister i Holstebro, Danmark).