Kan hjernene fortelje kven vi er?

Visste du at hjernen til Einstein bei stole? I teaterstykket Inkognito møter vi patologen som reiste Amerika rundt med hjernen til Einstein i bagasjen.

INKOGNITO
AV NICK PAYNE
NOREGSPREMIERE LAURDAG 29. OKTOBER KL. 18.00
DET NORSKE TEATRET, SCENE 3

Nevropsykologi, altså læren om korleis hjernen påverkar handlingane våre, har vore eit heitt tema dei seinare åra. Mange har høyrt historier om menneske som har endra personlegdom etter å ha gjennomgått hjerneoperasjonar. Bøker, artiklar og TV-program har prøvd å gi oss svar, og i 2012 kom den unge amerikanske dramatikaren Nick Payne ut med eit skodespel som undersøker temaet.

Husregissør Peer Perez Øian har tidlegare i haust hatt suksess med framsyninga Songfuglen, der han undersøkte kva som hender når den menneskelege identiteten blir undertrykt. I Inkognito ser han nærare på kva det er som gjer at vi er akkurat slik vi er.

Hjernetjuveri og nevropsykologi
Her er historier vovne saman som alle undersøkjer vår identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske. To av historiene er med utgangspunkt i sanne personar og hendingar, og dramatikaren Nick Payne kom over den første ved eit reint tilfelle. Det er historia om den amerikanske patologen Thomas Stolz Harvey som i 1955 obduserte vitskapsmannen Albert Einstein. Han var djupt fascinert av tanken på at svaret på menneskeleg genialitet kanskje låg rett framføre han, og utan å tenkje seg om, fjerna han hjernen frå kroppen, kutta han opp i bitar og la dei på formalin.

Lobotomi
Den andre sanne historia er om Henry Maison, som skulle gjennomgå eit kontroversielt kirurgisk inngrep i hjernen for å bli kvitt kraftige epilepsianfall. Operasjonen endra Maisons liv – og nevropsykologien – for all framtid: Epilepsien forsvann, men det gjorde òg Henrys evne til å lagre nye minne.

Kven er vi? Er vi summen av alle minna våre? Ligg svaret i hjernen? Eller kan vi bestemme oss for korleis og kven vi skal vere? Er sjølvet ein illusjon?