Kan ei bok endre synet på eit heilt folk?

I 1910 blei den første samiske boka gitt ut. Boka handla om samiske reindriftsamar og var med på å endre folks oppfatning av det samiske folket. No har det blitt teater av forteljinga om mannen bak boka – Johan Turi.

JOHAN TURI
URPREMIERE ONSDAG 6. SEPTEMBER KL. 18.00 
Gjestespel frå Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Johan Turi hadde ein draum om å gi ut ei bok som forklarte samanes liv. På byrjinga av førre århundre blei dei sett på som eit samfunnsproblem, og han ønskte å gi myndigheitene kunnskap om levesettet deira, og på den måten påverke styresmaktene til å endre syn på samanes livsførsel. På ei togreise gjennom Skandinavia møtte Turi konsernsjef Hjalmar Lundbohm frå Kiruna. På den same reisa dukka den danske kunstnaren og antropologen Emilie Demant opp, som drøymde om eit nomadisk liv. Kunne Lundholm og Demant hjelpe Turi med å oppfylle sin draum? Og kunne han hjelpe Demant med å oppfylle sin? Johan Turi er ei framsyning om korleis ei bok blei til, om draumar, freistingar, tvil, forføring og anger.

HISTORIE FRÅ VERKELEGHEITA

Johan Turi (1854-1936) var ein reineigar frå Kautokeino, og blir rekna som den første samiske forfattaren. Grunna reguleringar i flyttsamanes drift, valde han å flytte til Kiruna-traktene i Sverige med reinflokkane og familien sin i 1870-åra. Her blei han også kjend som ein dyktig ulvejegar. I 1910 gav han ut den første boka skrive på samisk; Muitalus sámiid birra – En bog om lappernes liv, i tett samarbeid med Emilie Demant. Gjennom tekst og illustrasjonar skildrar boka samiske reindriftsamars liv og tradisjonar på byrjinga av 1900-talet. Boka blei sidan omsett til svensk, engelsk, tysk, ungarsk, japansk, italiensk og finsk.

Framsyninga er eit gjestespel frå Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og slir spelt på nord-samisk og teksta til nynorsk.