JØRGENSEN HYLLAR MOE

– Han var 70-talets Are Kalvø, seier Ingrid Jørgensen om diktaren Ingvar Moe. No har ho laga ei heil framsyning til ære for sitt ungdomsidol.

JØRGENSEN OG MOE
– Ei pittelitt jazza helsing til Ingvar Moe
ONSDAG 18. OG TYSDAG 24. MAI
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET
Eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Haugesund Teater

Da Ingrid Jørgensen Dragland gjekk på vidaregåande skole i Haugesund, kom ein kar med 70-talssveis og lusekofte for å underhalde. Det som kunne ha blitt eit svakt minne frå ei lærarorganisert tilstelling i ein sliten gymsal, slo henne midt i magen. Mannen viste seg å vere diktaren Ingvar Moe, og han blei Ingrids førebilde.

30 år seinare løftar ho hans poetiske, vittige og politisk framsynte tekstar fram i dagen igjen. Jørgensen har leitt gjennom ein rik og allsidig forfattarskap, og har blitt slått av kor moderne Moes tekstar var. I lag med komponist Ole Kristian Wetten har ho sydd saman ein times lang framsyning, som alt har hatt premiere i Haugesund.

INGVAR MOE

Ingvar Moe (1936-1993) var forfattar, kåsør og moromann. Som diktar var han ei opprørsk og satirisk røyst. Med si særeigne stemme skreiv Moe med eit elsk-hat-forhold til heimbygda Etne. Han kritiserte dei negative sidene ved bygda; trongsynet, fordommane, sladdersjuka og framandfrykta, men han elska, dialekten og krafta i folket.

Han gav ut over 20 bøker, skreiv både for barn og vaksne, han gav ut noveller, dikt, kåseri og lærebøker. Han skreiv songtekstar og var ein kjend radiokåsør.

Les meir om Ingvar Moe på Allkunne