Jon Fosse på smørjetur

Kva gjer vår tids største norske dramatikar i frysevogna på den transmongolske jernbana?

DRAUM OM VÅREN
AV TRINE FALCH
URPREMIERE LAURDAG 1. OKTOBER KL. 18.30
DET NORSKE TEATRET, SCENE 3

Dei kinesiske styresmaktene er forbanna på Noreg, landet som gav ein gjev pris til ein dei meiner sprer løgner. For å straffe Noreg, sluttar dei å kjøpe produktet nordmenn lever mest av etter olja – nemleg laks. Norske styresmakter riv seg i håret for å finne på noko som kan blidgjere kineserane. Kva med å seie unnskyld, og dele ut ein like gjev pris – i Kina? Til ein nordmann som kineserane også likar?

Representantar for norsk nærings- og kulturliv blir sendt ut på den transmongolske jernbana til Beijing. Avdeling for public relations – eller samfunnskontakt – har bestemt at dei skal prøve å blidgjere kineserane ved å sette opp Draum om hausten av Jon Fosse – og gi Fosse den gjeve prisen etterpå. Med seg på toget har dei ei skodespelarinne og Jon Fosse sjølv. Og ein masse norsk laks.

Undervegs blir representantane redde for at den ukronologiske hendingsgangen i stykket skal provosere kinesarane, og ber Fosse om å endre på den. Han nektar, og blir etter kvart stengd inne i frysevogna, saman med laksen, for å «tenke seg om». På grunn av nye tidssonar og all alkoholen gløymer dei tida…

NORSK LAKS OG KINA

Etter utdelinga av Nobels Fredspris til Liu Xiaobo i 2010, har Noregs forhold til Kina vore ganske kjølig. Salet av norsk laks til dette landet har sunke med 96%. No kan det sjå ut til at forholdet tinar litt og at laksenæringa går lysare tider i møte.

Om Kina og laks i Dagens Næringsliv

TRINE FALCH

Trine Falch og Ingvild Holm står bak både tekst og regi i denne framsyninga. Dei er scenekunstnarar med felles bakgrunn frå kunstnarkollektivet Baktruppen – teaterverdas punkarar.

Les intervju med Trine Falch