I haust kan publikum oppleve tre heilt nye skulpturarbeid av kunstnar Nanna Melland i høve framsyninga Bienes historie.

Kunstnar Nanna Melland har i fleire år røkta bier, men dette er første gongen ho har tatt biene med seg inn i kunsten. 60 000 bier har tatt bustad i bivoksskulpturar, og bygd vidare på dei, medan Melland har observert og moderert voksbygginga til biene. Eit samarbeid mellom kunstnaren og bienes naturlege prosessar.

Resultatet er dei tre skulpturane som no heng i foajeen på Det Norske Teatret.

Utstillinga er tilgjengeleg frå premieren på Bienes historie, 11. september, og utover hausten. Utstillinga er tilgjengeleg i opningstida til foajeen.