Samtale før Jordmor på jorda
Samtale med Edvard Hoem før framsyning
Velkommen til samtale med Edvard Hoem og Kristian Lykkeslet Strømskag før framsyninga Jordmor på jorda.
Jordmor på jorda er forspelet til romanen «Slåttekar i himmelen». Her møter vi tippoldemora til Edvard Hoem, Marta Kristine Nesje, som i 1821 gjekk den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor. Jordmor på jorda er eit livsdrama og mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket, og ei historie om kvinnesak og likestilling femti år før det vart ei politisk kampsak.
«Nok en gang har Hoem forvandlet slektshistorie til gripende litteratur», skreiv Sindre Hovdenakk om romanen da den kom. Hoems slektskrønike reknar i alt sju romanar og er trykt i over 500 000 eksemplar. Bøkene om familien frå Rekneslia har blitt hylla av både kritikarar og lesarar.
No kjem framsyninga basert på Jordmor på jorda på gjestespel frå Teatret Vårt i Molde til Det Norske Teatret. Før framsyninga 23. januar inviterer vi til ein samtale med Edvard Hoem og teatersjef ved Teatret Vårt, Kristian Lykkeslet Strømskag.
Samtalen er gratis og open for alle.
Velkommen!