Innsikt
Regissør Kjersti Horn om Hedda Gabler
Regissør Kjersti Horn i samtale om Hedda Gabler
«Ibsens klassiker har neppe vært morsommere», skriv Aftenposten om framsyninga Hedda Gabler som no speler på Det Norske Teatret.
Hilde Østby møter regissør Kjersti Horn for å snakke om Ibsen, Hedda og iscenesetjinga. Kva for versjon av Hedda er det vi møter i denne framsyninga? Kva står på spel i Ibsens tekst? Korleis tenkjer Horn at Hedda Gabler er relevant i dag? Og kvifor ler publikum?
Hilde Østby er forfattar, journalist og idehistorikar. Ho er fast spaltist i Aftenposten, og har mellom anna gitt ut bøkene Jeg elsker Dickens, Kart over ensomheten, Å dykke etter sjøhester og Leksikon om lengsel.
Samtalen er gratis og open for alle.