Det Norske Teatrets historieskrivar Alfred Fidjestøl vil samtale med regissør og avtroppande teatersjef Erik Ulfsby om saker som har vore viktige gjennom sjefsperioden hans.

Det er for eksempel å bringe religion og religiøse grublingar inn i scenerommet. Eller å løfte det mangfaldige Noreg inn i teateret, både i form av å utdanne mange nye skodespelarar, men også å finne historier som nye generasjonar nordmenn kan finne gjenklang i. Ulfsby har opna institusjonen for kunstnarar frå det frie feltet, og har bidratt til erfaringsutveksling på tvers av ulike kunstsyn. Trua på kunstens plass i samfunnet har alltid vore førande for Erik Ulfsbys virke.

Alfred Fidjestøl er forfattar av Det Norske Teatrets historiebok Trass alt som kom til 100-årsjubileet i 2013. Han har følgd Erik Ulfsby periode tett, kjenner teaterhuset godt og vil leie samtalen som også vil kome inn på dei utfordringane han har stått i.

Gratis

Vel dato for innsikt Under open himmel

  • Ikkje i sal