Korleis kom Lars Mytting på å skrive ei bok om ved - og korleis kom Erik Ulfsby på å lage teater av den? Velkommen til premieresamtale!

Søndag 12. november er det premiere på framsyninga Heil ved, basert på boka Hel ved av Lars Mytting.

Kvifor blei denne relativt tørre boka ein internasjonal bestseljar? Kva er så viktig for oss med denne veden? Og korleis har regissør Ulfsby gått fram for å lage teater av det som jo er ei sakprosabok?

Hjarteleg velkommen til ein premieresamtale frå kl. 17.00 i foajeen på teateret.
Der møter du forfattar Lars Mytting, regissør og teatersjef Erik Ulfsby.

Kveldens samtaleleiar er Kari Toft. Ho har arbeidd som journalist i NRK og var i mange år programleiar for TV-programmet «Ut i naturen» og i fleire «Minutt for Minutt»-sendingar langs kysten av Noreg og på Svalbard. Kari bur i Elverum og eig både skog, motorsag og vedkløyvar.

Foto Kari Toft: Ragnar Thorsteinsen
Foto Lars Mytting: Patrick da Silva Sæther/NTB
Foto Erik Ulfsby: Siren Høyland Sæter