I samband med premieren på Berre verdas undergang, har Det Norske Teatret invitert leiaren i Unge Høgre, Ola Svenneby, til å leie samtalen med same tittel som kronikken han skreiv for halvtanna år sidan. Gjennom eit panel med stor breiddekunnskap ønskjer vi å løfte medvitet om korleis denne sjukdommen har prega Noreg generelt, og det skeive miljøet spesielt.

Samtaleleiar: Ola Svenneby
I panelet: Per Sundnes, Fin Serck-Hanssen, Per Miljeteig

Aids er ein sjukdom få unge veit mykje om, og det dei veit er ofte basert på feilinformasjon og frykt, og/eller filmar og tv-seriar. Eit ønskje om å forstå meir, er godt utgangspunkt for ein samtale som kan belyse ein underkommunisert del av noregshistoria.

I panelet sit NRK-profil Per Sundnes som med sin spisskompetanse på popkultur vil skissere tidsanda mot slutten av 80-talet. Korleis undergrunnskulturen som levde i dei homofile miljøa i denne perioden slo gjennom i populærkulturen og blei eit slags allemannseige. Korleis dette gjekk hand i hand med aksept og større toleranse, og korleis hiv-viruset sette heile denne rørsla tilbake. For tida held han også på med å samle inn skeive stemmer frå Nordland til det nasjonale Skeivt arkiv.

Fin Serck-Hanssen var ung på 80-talet og har dokumentert den homofile utescenen i perioden – deler av arbeidet hans blir vist under utstillinga Orgasms addict som heng i foajeen i speleperioden. Fin Serck-Hanssen levde nært på aidspandemien, og opplevde at venner og kjente blei sjuke og døydde.

Per Miljeteig er utdanna psykolog og har levd med hiv sidan 1985. Å få hiv på 80-talet var for mange ein dødsdom, det var ikkje behandling å få. Mange mista venner, familie og kjærastar til ein sjukdom få kunne noko om. Miljeteig legg ikkje skjul på at det har vore tøft å leve med diagnosen, som det har vore knytt mykje skam og hemmeleghald til. Han har i mange år kjempa for hivpositives rettar og levekår, og har lang fartstid som aktivist. I 1988 var han med på å starte sjølvhjelpsorganisasjonen Pluss, på byrjinga av 2000-talet var han nestleiar i HivNorge, og frå 2003-2009 var han styreleiar i organisasjonen.

Les Ola Svennebys artikkel i Vårt Land.