I samarbeid med Fotogalleriet ønskjer vi velkommen til ein samtale mellom dansekunstnarane Ulf Nilseng og Carl Aquilizan og skodespelar og regissør Jae Nyamburah.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Ulf Nilseng (f.1963) er ei markant, særprega og viktig stemme i den norske dansekunsten. I nasjonal samanheng er det få som så standhaftig og konsistent har skapt kunst vi kan karakterisere som “skeiv”. Som koreograf, utøvar og kjønnsanarkist, har kropp, dans og fridom vore drivkrafta i arbeidet hans sidan han blei utdanna ved Staten Balletthøgskole i Oslo. Han avslutta i 2021 trilogien Ulf Goes Religious som tok utgangspunkt i forholdet mellom seksualitet og religion og utforska ei livsreise i kjønn, seksualitet, realitet, røyndom og forholdet til seg sjølv, andre menneske og samfunnet.
Han er avbilda i utstillinga Skeive Ikoner av fotograf Fin Serck-Hanssen.

Carl Aquilizan
(f.1994) er ein norsk/filippinsk dansekunstnar, utdanna i Leeds og som bur og arbeider i Oslo. I 2022 viste han debutframsyninga Flowerboy på Bærum Kulturhus. Eit framståande trekk ved prosjekta hans er ei personleg tilnærming, som kjem til uttrykk gjennom eit abstrakt, poetisk og ofte forvrengt landskap. Ved hjelp av eit tverrfagleg uttrykk ønsker han å kunne uttrykke personlege refleksjonar rundt kjønn, seksualitet og andre aktuelle samfunnsspørsmål. Aquilizan medverka i utstillingsprosjektet Ta plass på Fotogalleriet i mars 2022.

Jae Nyamburah
(f.1987) er ein norsk skodespelar, regissør, poet, fotograf og samfunnsdebattant. Nyamburah begynte allereie som 15-åring å jobbe i det profesjonelle kunstfeltet og har spelt ei rekke roller på scene og TV, blant anna Dovregubben i Peer Gynt og Camilla i Linje 5 på Det Norske Teatret. I 2005 debuterte ho som poet i samarbeid med den politiske rapduoen Dead Prez, og i 2010 delte ho scene med artisten Saul Williams og Oslo Filharmonien i oppsetninga Said the shotgun to the head. Same året debuterte ho som fotograf med utstillinga Synlig// Usynlig på Riksscenen. Nyamburah debuterte som regissør i 2022 med I skyggen av/Til minne for på Det Norske Teatret i Groruddalen.

Neste arrangement i samband med utstillinga Skeive Ikoner skjer søndag 29. mai.
Tema og deltakarar blir annonsert snart.