Innsikt før Under open himmel
Velkommen til introduksjon før framsyninga
Velkommen til introduksjon før framsyninga Under open himmel.
Innsikt 3. desember
I dag snakkar ein gjerne om likskap mellom mellomkrigstida og den spente politiske situasjonen i vår eiga tid, med autoritære regime som veks fram, krigen i Ukraina, krigen på Gaza og økonomiske nedgangstider. I mellomkrigstida framheva Henrik Sørensen (1882-1962) den moralske plikta kunstnaren hadde til å kjempe mot fascisme og krig. Ofte blei krigsfotografiar og fotografiar av andres lidingar nytta som førelegg for måleri, plakatar og teikningar.
I denne introduksjonen vil seniorkurator ved Munchmuseet, Kari J. Brandtzæg, trekke parallellar mellom den norske mellomkrigstidas kunstsituasjon og Vanessa Bairds (f. 1963) kunstnariske respons på krigane som går føre seg i dag.
Kari J. Brandtzæg er seniorkurator ved Munchmuseet og er aktuell med utstillinga Vanessa Baird. Go Down with Me som er open til 31. desember. Tidlegare i år disputerte Brandtzæg med avhandlinga Henrik Sørensen og mellomkrigstidens tendenskunst i et transnasjonalt avantgardeperspektiv ved Universitetet i Oslo.
Introduksjonen er eit samarbeid mellom Munchmuseet og Det Norske Teatret i samband med framsyninga Under open himmel.
Introduksjonen går føre seg i Bikuben, i foajeen på teateret. Den er gratis og open for alle.
Velkommen!