Innsikt før Spynorsk. The Musical.
Møt Are Kalvø før Spynorsk. The Muscal.
Korleis i alle dagar får ein ideen om å lage ein heilaftans musikal om nynorskens far? Det må nesten Are Kalvø svare på.
Heilt sidan den enorme suksessen med Tusen år og like blid i 1998 har Are Kalvø gjort den politiske kabareten til ei særeiga teaterform på Det Norske Teatret. I 2015 slo Kalvø og Ingrid Bjørnov seg saman og laga den satiriske musikalen Halve Kongeriket: Norsk politikk - The musical. Om lag ni år seinare gjentok dei samarbeidet med Spynorsk. The Musical. Denne gongen var det altså Ivar Aasen, og den litt mindre kjente politikarspira Aase Ivarsen, som skulle synge og danse seg inn på Hovudscenen på Det Norske Teatret.
Før framsyninga 12. desember møter du Are Kalvø i samtale med dramaturg Ingrid Weme Nilsen. Dei snakkar om vegen frå ide til musikal. Om søndag i Surnadal og jenter med tjukk L. Om musikkinspirasjon og musikalsjangeren. Og kvifor Martin Kolberg og Ivar Aasen egnar seg så godt som syngande superheltar.
Introduksjonen er gratis og open for alle. Den går føre seg i Bikuben, i foajeen på teateret.
Velkommen!