Ingrid Bjørnov snakkespeler Spynorsk
Møt Ingrid Bjørnov før Spynorsk. The Musical.
Bli med på introduksjon der Ingrid Bjørnov snakkespeler seg igjennom Spynorsk-musikken på ca. 45 minutt.
Kva er lyden av kløyvd infinitiv? Korleis skrive ein kjærleiksballade om tjukk L? Kva har gladpønk og Hovdebygda til felles? Vel, det veit Ingrid Bjørnov! Ho har laga musikken til musikalen Spynorsk. The Musical. som no speler på Det Norske Teatret.
Bli med inn i hovudet til musikaren og komponisten Bjørnov, når ho speler og snakkar seg igjennom (delar av) musikken til framsyninga. Har du alltid lurt på kva «ballerock» er? Det kan du lære denne kvelden!
Saman med seg på scenen har ho musikksjefen på Det Norske Teatret, Svenn Erik Kristoffersen. Under Spynorsk. The Musical. er han kapellmeister, og nede i orkestergrava trakterer han både elpiano, synth og pumpeorgel, samstundes som han dirigerer. Det er også Kristoffersen som har arrangert musikken Ingrid Bjørnov har komponert. Men kva fekk han frå Bjørnov, og korleis blei det til slutt? Det er duka for førsnakk med dobbelt klaviatur.
Fredag 1. november kl. 19.00-19.45, i foajeen på Det Norske Teatret.
Introduksjonen er gratis og open for alle, men du må hente ut billett. Det gjer du ved å trykke på denne lenka.