Innsikt
Innsikt før Sporv og engel
Introduksjon ved Hilde Louise Asbjørnsen.

Jazzsongar, cabaretartist og låtskrivar Hilde Louise Asbjørnsen har eit livslangt forhold til ei rad damer frå jazz-verda, og mellom dei er dei to damene Piaf og Dietrich.
I 2021 hadde ho premiere på teaterframsyninga Stardust, som også er komen ut i bokform, der Marlene og Édith er mellom dei omtalte artistane. I introduksjonen til framsyninga Sporv og engel vil Asbjørnsen dele nokre av sine tankar om livet deira.
11. og 30. mai kl. 19.15.