Velkommen til introduksjonen «Ætt, ære og hemn – Historia sin aktualitet i ei grenselaus framtid» før framsyninga Oresteia.

I 2024 er det 1000 år sidan Olav den heilage innførte Kristenretten til Noreg. Det skjedde på Mostertinget 1024 på Moster i Sunnhordland. Denne introduksjonen er eit samarbeid med 1000-årsjubileet Moster 2024.

Kristenretten på Moster i 1024 sette for alvor i gang ei utvikling av det norske samfunnet bort frå ætt, ære og hemn som stabiliserande strukturar i samfunnet. Med Landslova av 1274 tok stat, nestekjærleik og bot over den samfunnsstabiliserande rolla. Dermed skulle ein tru at ein historisk epoke tok slutt. Men ætt, ære og hemn kan få sin renessanse i den digitaliserte verda. For når staten ikkje evnar å driva effektiv politikk som gjev individet vern, vil individ søkja saman i grupper som kollektivt verner om sin identitet og kjempar for sine rettar på sida av staten sine styringssystem for lover. Kristenretten er slik ikkje ein bauta i vår historiske utvikling, men ei påminning om utfordringar i vår samtid.

Moster 2024 markerer at det er 1000 år sidan Olav Den Heilage innførte Kristenretten på Moster og starten på rettsstaten Noreg.

Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) vart can. jur. i 1999, dr. jur. i 2007 og professor i rettshistorie same året ved Det juridiske fakultet i Bergen. Han vart i 2019 tilsett som professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Sunde hadde 2002-2021 ei bistilling som forskar ved Museet Baroniet Rosendal, og har hatt ei bistilling som forskar ved Nasjonalbiblioteket frå 2019. I perioden 2008-2010 var han òg professor ved Centre for Medieval Studies.

Sunde skreiv i 1998 og 1999 to rettsvitskaplege stormasteroppgåver om juridisk metode på 1700-talet, og utvikla dette tema vidare i si doktorgradsavhandling frå 2007. I 2002 byrja han òg å arbeida med mellomalderrettshistorie, og har sidan 2014 leia eit prosjekt om Landslova av 1274. Mellom 2011 og 2015 arbeidde Sunde med Høgsteretts historie 1965-2015, og har sidan òg arbeidd med domstolar og rettsstat i Europa i det 21. hundreåret. Han er med i troikaen som leiar eit prosjekt om norsk politirettshistorie frå 1689 til 2024, og frå 2023 leiar Sunde prosjektet Digirett, som utforskar digital formidling av rett frå ein historisk, komparativ og metodisk synsvinkel.

Sunde har via formidling mykje merksemd. Han har halde over 700 føredrag utanfor akademia, vore med å laga fire historiske utstillingar, delteke i radio- og tv-program, og skrive ei rad kronikkar og lesarinnlegg. Sunde har tre gonger fått undervisningsprisen ved Juridisk fakultet i Bergen, og fekk i 2012 Meltzer-prisen for framifrå formidling. I 2020 held han Aarebrot-førelesinga om kommunikasjonsteknologi og rettsstat i rettshistoria.

Gratis

Vel dato for innsikt Introduksjon ved Jørn Øyrehagen Sunde

  • Gratis