Linn Ullmann i samtale med Kaja Schjerven Mollerin før framsyninga Jente, 1983.

Paris, ei vinternatt i 1983. Ei seksten år gamal jente går seg vill. Nesten fire tiår seinare, mens både hennar eige liv og verda utanfor krakelerar, prøver den vaksne kvinna å forstå den unge jenta ho ein gong var.

«Gjennom å skrive det som skjedde, gjennom å fortelje historia så sannferdig eg kan, prøver eg å samle dei i éin kropp – kvinna frå 2021 og jenta frå 1983. Eg veit ikkje om det er mogeleg.»

«Noe av det sterkeste du kan se på scenen i høst», skreiv Aftenpostens meldar om urpremieren på framsyninga Jente, 1983 da den hadde premiere tidlegare i haust. Utgangspunktet er romanen med same namn av Linn Ullmann. Boka kom i 2021, og fekk glitrande mottaking.

Før framsyninga 8. november inviterer Det Norske Teatret til ein samtale mellom Linn Ullmann og Kaja Schjerven Mollerin. Samtalen er gratis og ope for alle, men du må hente ut billett. Det kan du gjere HER.

Linn Ullmann er forfattar, journalist og kritikar. Ho debuterte i 1998 med romanen Før du sovner, og har til saman gitt ut sju romanar. For sitt samla forfattarskap har ho motteke fleire prisar, mellom anna Amalie Skram-prisen, Doblougprisen og Aschehougprisen. Romanane De urolige (2015) og Jente, 1983 (2021) er dei to første banda i ein planlagd trilogi. For begge utgivingane blei ho nominert til Nordisk råds litteraturpris. Romanane hennar er omsett til meir enn 20 språk, og blir utgitt i store delar av Europa og USA.

Kaja Schjerven Mollerin er kritikar i Klassekampen og tilsett i forskingsavdelinga på Nasjonalbiblioteket.

Gratis

Vel dato for innsikt Møt Linn Ullmann før framsyninga!