Velkommen til ein introduksjon om Henrik Ibsens stykke Hedda Gabler med Siri Løkholm Ramberg.

Kvifor blir vi aldri ferdig med Hedda Gabler?

Er Hedda eit «Uhyggelig fantasifoster» eller berre ei kvinne med ei sterk lengsle mot venleik og fridom? Og kvifor er det å ha makt over eit anna menneske eit så sentralt tema i stykket?

Dramaturg Siri Løkholm Ramberg introduserer framsyninga Hedda Gabler. Ho vil plassere stykket inn i Henrik Ibsens forfattarskap, og snakke om den harde mottakinga skodespelet fekk da det kom i 1890.

Introduksjonen går føre seg i Bikuben, i foajeen til Det Norske Teatret. Den er gratis og open for alle.

Velkommen!

Gratis

Vel dato for innsikt Ein introduksjon til Henrik Ibsens Hedda Gabler

  • Gratis