Innsikt før Einkvan
Kjersti Horn introduserer framsyninga
Møt regissør og påtroppande teatersjef Kjersti Horn før framsyninga Einkvan.
Einkvan var den første premieren på eit nytt skodespel av Jon Fosse etter at han fekk Nobelprisen i litteratur. Det var også regissør Kjersti Horn sitt første arbeid med eit Fosse-stykke.
Aftenposten trilla terningkast 6 og kalla urpremieren ein «mørk, erotisk og uforglemmelig urpremiere». Dagsavisen gav også toppscore, og skreiv at dette var ein av dei mest skinnande Jon Fosse-oppsetjingane i nyare tid.
No kan du møte regissør og påtroppande teatersjef Kjersti Horn før framsyninga, og høyre korleis ho opplevde å jobbe med denne teksten av Fosse.
Introduksjonen går føre seg i Bikuben, i foajeen på Det Norske Teatret.
Den er gratis og open for alle.
Velkommen!