Korleis er det å jobbe med sine eigne historier i kunstnarleg format?

Panelleiar: Liv Marie Skaare Baden
I samtalen: Samir Madad, Hedda Sandvig, Javid Soltani, Hasina Shirzad
Samtalen går føre seg umiddelbart etter framsyninga inne på scenen.

Samir Madad, som står bak framsyninga Korte år, lange dager, vil saman med andre utøvarar frå prosjektet Upolert kosleis det er å fortelje om sine eigne historier i lys av hendingane i Afghanistan våren 2021. Kan forteljingar i teaterformatet bidra til å komme nærare personane bak bilda vi ser i media?

Liv Marie Skaare Baden
har brei bakgrunn frå scenekunstfeltet både som utøvar, skapande og produsent. I 2014 var ho festivalsjef for Fortellerfestivalen, og tok initiativ til og starta opp UPOLERT.

Javid Soltani
flykta frå Afghanistan i 1998 da Taliban kom til makta førre gong. I 2001 fekk han opphald i Noreg og flytta til Senja, der han budde i tre år. Han har budd dei siste 17 åra i Oslo, og arbeidar som skatterevisor.

Hasina Shirzad
har master i journalistikk, og er no tilsett som rådgjevar ved Nansen Fredssenter. Masteroppgåva hennar handla om identitet i eksil. Ho har tidlegare vore rådgjevar ved OsloMet ved kommunikasjonsavdelinga til den Afghanske ambassaden. Ho er involvert i den Afghanske diasporaen, og er aktiv i debatten rundt norske minoritetar, kvinners rettar og ytringsfridom.

Hedda Sandvig
er utdanna skodespelar ved LAMDA i London, og har jobba som skodespelar ved en rekkje teater i Noreg og med ulike teaterproduksjonar i det frie feltet. Sidan starten i 2014, har Hedda vore ein del av SPKRBOX, og har saman med Cici Henriksen hatt regi på fleire framsyningar, mellom andre Blokk til blokk, BEST (i samarbeid med Belinda Braza), Linje 5 og no SPKRBOX si første barneframsyning Isbilen.

Samir Madad
er ungdomsleiar, fotograf og musikar. Han har blant anna tatt foto til antologien Ungdommen nå til daX, magasinet TrAp, bokomslaget til Iman Meskinis bok #minhistorieminmening og albumomslag for artistar som Fela, Nalband og Don Martin. han er også ungdomsleiar og musikkstudio-produsent ved Antirasistisk senters ungdomsavdeling Agenda X.

UPOLERT
er eit prosjekt starta opp av Fortellerfestivalen i samarbeid med Afghanistankomitéen med mål om å gi ein scene og eit publikum til unge som har vore på flukt og som ønskjer å fortelje si historie. Med hendingane i Afghanistan våren 2021 blir historier som vi høyrer om i UPOLERT og i Korte år, Lange dager, på nytt sett inn i ein politisk kontekst.

Samtalen er ein del av Spkrbox-festivalen.