Heil ved
Samtale med Per Skorge, Christian Steel og Kari Toft

Korleis står det til med norsk skogbruk? Korleis står det til med norsk skog? Velkommen til samtale før framsyninga Heil ved!
Skog dekker 38 % av fastlandet i Noreg, og skognæringa er viktig for verdiskaping og sysselsetting over heile landet. Samtidig lever halvparten av dei raudlista artane i skogen, og fleire av desse blir negativt påverka av skogbruket.
Korleis skape god balanse mellom bruk og vern? Kva rolle speler skogen og skogbruket i overgangen til fornybarsamfunnet? Er det mogleg med eit skogbruk som både er lønnsamt, samfunnsansvarleg og berekraftig? Korleis ser i så fall det ut?
Per Skorge er administrerande direktør Norges Skogeierforbund, som representerer fire skogeigarsamvirke og rundt 30 000 skogeigarar over hele landet.
Christian Steel er generalsekretær i miljøorganisasjon Sabima, som arbeider for å stanse tapet av naturmangfald. Dei er ein paraplyorganisasjon for dei biologiske foreiningane i Noreg.
Kari Toft er kveldens samtaleleiar. Ho har arbeidd som journalist i NRK og var i mange år programleiar for TV-programmet «Ut i naturen» og i fleire «Minutt for Minutt»-sendingar langs kysten av Noreg og på Svalbard. Kari bur i Elverum og eig både skog, motorsag og vedkløyvar.
No kan du møte Skorge og Steel i samtale med Toft før framsyninga Heil ved. Samtalen er gratis og ope for alle, men det er avgrensa med sitteplassar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute!
Velkommen!
Foto Per Skorge: Norges skogeierforbund
Foto Christian Steel: Sabima
Foto Kari Toft: Ragnar Thorsteinsen
Gratis
Vel dato for innsikt Samtale med Per Skorge, Christian Steel og Kari Toft